Sjufjellsturen Førde

INDRE SUNNFJORD TURLAG

Vil du prøve deg på ei verkeleg utfordring i hjarta av Sogn og Fjordane? Då skal du bli med Indre Sunnfjord Turlag på turen som i løpet av ein lang dag tek deg med på alle dei sju fjella som omkransar Førde. 

37 kilometer lang, 2700 høgdemeter opp og 3000 høgdemeter ned er dei viktigaste stikkorda. Vi går samla med erfaren turleiar. Med andre ord treng du ikkje vere kjent for å gå turen. Vi gjer rekning med å bruke mellom 13 og 14 timar på turen som ikkje berre byr på utsikt til Førde sentrum, men både hav og bre kan du nyte utsikten av undervegs.

Turen går via desse fjelltoppane i følgjande rekkefølgje: Fureviknipa, Skinnbrokja, Fauskevarden, Halbrendsnipa, Hafstadfjellet, Viefjellet og Førdsnipa.

Årets tur gjennomføres lørdag 17. juni!